NRK Meny

Vil bruke 90 millionar på skulebygg

Fylkeskommunen set av nesten 90 millionar kroner til bygginvesteringar på vidaregåande skular i åra som kjem. Det vedtok finansutvalet i den langsiktige økonomiplanen fram mot 2020. Rehabilitering av Måløy vidaregåande skule vil koste om lag 65 millionar kroner. Bygga der er slitne, og er ikkje universelt utforma. Vidare set politikarane av 22 millionar til nytt verkstadbygg ved den vidaregåande skulen på Mo i Førde. Dagens verkstadbygg der er i kritisk dårleg stand.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.