Det nye selskapet skal ha hovudkontor i Måløy og avdelingskontor i Ålesund. Gunnar Domstein blir administrerande direktør.
Intensjonsavtale i oktober
Dei tre andre selskapa som går inn i Norway Pelagic er Global Fish i Ålesund, Bergen Fiskeindustri i Bergen og Koralfisk på Avaldsnes. Dei fire selskapa inngjekk ein intensjonsavtale 25. oktober 2006, og no har styra slutta seg til avtalen.
I drift 1. juli
Den 31. mars er det planen at generalforsamlingane i selskapa skal godkjenne samanslåinga, og Norway Pelagic skal vere i drift frå 1. juli i år.
Størst i verda
I ei felles pressemelding skriv selskapa at Norway Pelagic blir ei slagkraftig eining som vil bli størst i verda innanfor sild og makrell til mat. Dei fire selskapa har ein samla omsetnad på 2,3 milliardar kroner.
Sigurd Teige blir styreleiar i det nye selskapet.