Vil bli ordførar i Årdal

Marie Helene Hollevik Brandsdal har meldt seg på i kampen for ordførarvervet i Årdal, skriv Sogn avis. Dermed utfordrar ho Hilmar Høl og Anne Kauppi, som allereie har sagt dei vil toppa Ap-lista ved valet neste haust. Hollevik Brandsdal har lang politisk røynsle, og har tidlegare vore varaordførar i åtte år.