Hopp til innhold

Viktig siger for Sogndal

Sogndal vann 2-1 då Ulrik Flo skåra sigersmålet på overtid.

Ulrik Flo
Foto: NRK

Med det er Sogndal oppe på direkte opprykksplass i Adeccoligaen etter å ha regelrett å ha rana HamKam for poeng.

- Vi hadde marginane med oss. Men det er då første gong vi har hatt marginane med oss også, seier ein nøgd trenar Karl Oskar Emberland.

1-1 ved pause

Dette er den første sigeren på dei fem siste kampane.

Ved pause stod det 1-1 på Briskeby stadion. HamKam tok leiinga då Roman Kienast skåra i det 13. minuttet. Utlikninga kom i det 38. minutt då Jon Midttun Lie skåra for Sogndal.

Skjerpa seg

Karl Oskar Emberland

Karl Oskar Emberland

Foto: Simen Berge Størkersen / NRK

Etter ein særdeles HamKam-styrt første omgang, skjerpa Sogndal seg noko etter kvilen. Men trass i at gjestene hang betre med mot slutten av kampen, var det alt annet enn fortent då Ulrik Flo fiksa Sogndal-leiing snaue minuttet på overtid.

Sjølv ikkje med elleve mann i angrep klarte vertane å svare, og dei måtte dermed sjå seg slått 2-1 heime.

- Det var veldig viktig med tre poeng i dag. Slik som kampen vart i dag så må vi seie oss veldig nøgde, seier Emberland.

- Dette trengte vi

Også matchvinnar Ulrik Flo er glad etter kampen.

- Dette var fantastisk, for dette trengte vi. Vi visste vi måtte ha eit mål og så klarte vi det, seier han.

Etter 19 kampar ligg no Sogndal på 2. plass på tabellen med 36 poeng, tre poeng bak Hønefoss.

Følg tekstoppdatering minutt for minutt