Hopp til innhold

Vikafjellet stengt etter snøras

Dei siste to vekene har riksveg 13 over Vikafjellet vore stengd meir enn den har vore open. Tysdag ettermiddag melder Vegvesenet at vegen ikkje vil opne att i dag grunna ras.

Vikafjell stengd skilt

STENGD: Riksveg 13 over Vikafjellet har vore mykje stengd dei siste to vekene.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Sidan før jul har det vore mykje stengingar og kolonnekøyring over Vikafjellet. Vesle julaftan var vegen stengd av eit ras og var stengd i fleire timar.

Etter å ha vore open for kolonnekøyring i nokre timar midt på dagen veslejulaftan stengde fjellet igjen, og opna ikkje før 29. desember.

– Dette er ein av dei mest vêrutsette fjellovergangane, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen.

Stengt nesten heile romjula

Alt i 2009 vart det lova at vegen over Vikafjellet skulle vere vinteropen. Men i fjor vinter var vegen stengd i langt over 500 timar, og det ser ut til at det kan bli mange timar også i år.

Frå ettermiddagen 23. desember var vegen stengd heilt til morgonen den 29. desember. I nokre dagar var vegen open, før uvêr igjen stengde vegen på kvelden nyttårsaftan.

Første nyttårsdag opna vegen for kolonnekøyring ut på ettermiddag, og vart seinare opna for fri ferdsel. Men natt til måndag stengde vegen igjen, og vart opna for kolonnekøyring måndag morgon.

Fram til i natt ved 03.30-tida var vegen open for kolonnekøyring, men i løpet av natta vart vêret så ille at vegen måtte stengje, igjen.

Opnar ikkje vegen att tysdag

Tysdag føremiddag er altså vegen framleis stengd grunna uvêr. Erikstad ved Vegtrafikksentralen kan ikkje seie noko om kor tid vegen kan opne att.

– Dei siste meldingane går ut på at det er ganske ruskete vêr oppå der. I tillegg skal det ha gått nokre mindre ras, seier Erikstad til NRK ved 10.30-tida.

Klokka 13.30 sendte Statens vegvesen ut melding om at vegen over Vikafjellet er stengd grunna fleire snøras. Vegen vil ikkje opne att tysdag.

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER