Hopp til innhold

Vik skisenter ber om pengar

Vik skisenter søkjer Sogn og Fjordane fylkeskommune om 1,2 millionar kroner i støtte til skianlegget som er under planlegging.

Leiar Erling Stadheim i Vik Idrettslag meiner planane er unike i Noreg. Han peikar også på at ein får samla dei fleste skiaktivitetane i same området.

Det nye anlegget har ein totalpris på til saman 28,4 millionar kroner.