Mindretalet har varsla at dei vil la Fylkesmannen vurdere om det er lov å pensjonere seg midt i valperioden.
Påstand om avtale Sp/Ap
Senterpartiet og Arbeidarpartiet har til saman 11 røyster og fleirtal i kommunestyret i Vik, og det har vorte hevda at det ligg føre ein avtale mellom desse to partia om å dele på ordførarvervet denne perioden.
Avviser påstanden
Men varaordførar Marta Finden Halset frå Arbeidarpartiet seier at det ikkje finst ein slik avtale. - Erik Lidal vart vald for fire år, og eg vart vald til varaordførar for same perioden. Som varaordførar skal eg berre steppe inn når ordføraren er sjuk eller er ugild. Dersom Fylkesmannen godtek at Lidal får fritak frå vervet, skal det veljast ny ordførar, seier Marta Finden Halset.
Fylkesmann Oddvar Flæte seier at han no vil studere vedtaket til Vik kommunestyre nærare før han vil kommentere saka.