Hopp til innhold

Prøvde å trenge seg inn til kvinne og retta drapstruslar mot polititenestemenn

Mennene som torsdag kveld vart pågripne under ein væpna politiaksjon i Måløy, sit no i avhøyr.

Væpna politiaksjon i Måløy

PÅGRIPNE: To menn i 20-åra vart torsdag kveld arresterte under ein væpna politiaksjon i Måløy.

Foto: NRK.no-tipsar

Mennene var rusa då dei vart pågripne på gata utanfor eit hotell i Måløy .

Begge er i 20-åra og høyrer til rusmiljøet i Nordfjord.

– Vi fekk melding om at ein av dei to prøvde å trenge seg inn til ei kvinne. I denne samband viste han fram eitt våpen, og hadde ei trugande framferd. Han trua ikkje direkte med våpen, men viste det fram, seier Nils Bakke, etterforskingsleiar ved Vågsøy lensmannskontor.

Drapstrua tenestemenn

Politiet væpna seg til aksjonen då meldinga gjekk ut på at den eine hadde våpen. Dette viste seg å vere ein fullt funksjonell luftpistol, som kan gjere store skader på utsette stader på kroppen.

– Luftpistolen likna på ein ekte pistol, seier Bakke. Pågripinga på staden gjekk udramatisk, men tenestemennene frå politiet vart drapstrua.

– Under og etter pågriping vart det retta alvorlege verbale truslar mot polititenestemennene. Mennene måtte leggast i handjarn, seier Bakke.

Vurderer fengsling

Dei to mennene er såkalla kjenningar av politiet. Den eine mannen kom nyleg ut frå soning. Han er tidlegare sett fram truslar og er dømd for dette.

Det var ikkje han som hadde pistolen, men ifølgje Bakke prøvde vedkommande å avverje situasjonen i leilegheitskomplekset.

– No blir dei to avhøyrde, samt at vi skal avhøyre vitne. Så er det opp til jurist å vurdere om dei skal framstillast for varetektsfengsling eller sleppast fri. Grunnlaget kan vere gjentakingsfare då dette er kjenningar av politiet som har gjort liknande før, seier Bakke.