Hopp til innhold

Vi er på jakt etter nye musikalske talent

FØRDE (NRK): Er du eit musikalsk talent? Kanskje kan du då passe inn i NRK Sogn og Fjordane sin talentkonkurranse i samband med Luttprisen 2017.

Stian Sjursen Takle i studio

GLER SEG: Stian Sjursen Takle gler seg til å sjå kva talent som vil melde seg på talentkonkurransen. Fristen til å melde seg på går ut 31. desember.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi elskar å sjå og høyre nye talent frå fylket, så vi leitar i kvar ein krik og krok etter nye røyster, seier musikkansvarleg i NRK Sogn og Fjordane Stian Sjursen Takle.

Difor er han strålande fornøgd med tre musikalske talent skal få moglegheita til å syne seg fram for musikkbransjen i Sogn og Fjordane 20. januar. I samband med utdelinga av Luttprisen 2017, arrangerer vi nemleg talentkonkurranse.

– Den fungerer slik at du kan melde deg på akkurat no, og så vel vi ut tre stykk som får spele for ein fagjury litt tidleg på ettermiddagen. Til sist vil vi velje ut ein vinnar som får spele på det store showet på Larris scene, seier Takle.

Det er nemleg slik at den nye storstove i Førde, Larris Scene, er staden der Luttprisen blir delt ut på nyåret. Og for ein fullsett sal vil ein av dei tre finalistane få lov til å vise seg fram.

– Og det er det du gjer i finalen som avgjer om du blir vinnaren av talentkonkurransen. Du får sjansen til å vise deg fram, og så vil juryen avgjere kven som er best.

– Kva er det de ser etter?

– Vi er på leit etter nye band og artistar. Vi er litt opne både når det gjeld sjanger og uttrykk, for vi har lyst til å høyre så mykje som mogleg. Har du lyst til å lukkast i musikken, så har vi lyst til å høyre frå deg.

Les også: Kven vil du at skal vinne Luttprisen?

NRK presenterer nye satsinger i høstprogrammet.

SKAL LEIE SHOWET: Ronny Brede Aase frå P3 skal vere programleiar under Luttutdelinga på Larris Scene.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Meld deg på innan nyttår

Om du har lyst til å melde deg på, kan du gjere det innan 31. desember ved å følgje denne lenka.

Luttprisutdelinga og talentkonkurransen er 20. januar neste år, og det heile vil bli leia av Ronny Brede Aase frå P3.

– Også blir det ein moglegheit til å syne seg fram for heile musikkbransjen her i fylket, det kan vere ein god start på karrieren, seier Takle.