Veterinærforeninga har bede veterinærane stille opp for å unngå bråk rundt ordninga, fram til Stortinget skal ta opp saka i midten av april.
Indre Sogn er unntaksområde
Ei ny vaktordning for veterinærar starta 1.april. I dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane har Mattilsynet fått ordna vakter om kvelden og natta. Unntaket er Luster, Sogndal, Leikanger, Vik og Balestrand. Dette området er slått saman til eitt vaktområde, men veterinærane har problem med å dekkje området på grunn av at det ikkje går ferje over Sognefjorden om natta.
Mellombels ordning
No jobbar veterinærane i kvar einskild kommune gratis for at det ikkje skal bli problem for bøndene. Dette er ikkje veterinær Nils Martin Fjær i Gaupne i Luster nøgd med, men han ser på det som ei mellombels ordning. Han vonar at Stortinget kjem fram til ei løysing for veterinærordninga i midten av april. Det var Veterinærforeninga som ba veterinærane jobbe gratis, seier Helge Njøsen i forhandlingsutvalet for Den Norske Veterinærforening.
Håpar på betre inndeling
Helge Njøsen seier at grunnen til at det ikkje har vorte kritisk mangel på veterinærar er at dei er pliktige til å rykke ut viss bøndene får tak i dei, og dyra er sjuke. Han håpar no at Stortinget vil evaluere vaktområda grundig, slik at det vert mogleg å endre dei til meir naturlege inndelingar som gjer utrykking enklare.