Hopp til innhold

Vest Tank laug til styresmaktene

Vest Tank laug til styresmaktene om kva type avfall dei handsama på tankanlegget som eksploderte i fjor.

Tankeksplosjon i Gulen.
Foto: Steinar Lote / NRK

Det har den pågåande politietterforskinga avslørt, fortel Bjørn Bjørnstad i Statens Forureiningstilsyn.

Verksemda handterte giftig svovelavfall, utan å ha løyve til det.

-Vi spurte jo eksplisitt om dette, og fekk då eit svar frå bedrifta som altså no viser seg å vere feil opplysningar. Det ser ut som bedrifta har forsøkt å lure myndigheitene her.

Saka meld til politiet

Difor har Statens Forureiningstilsyn meldt Vest Tank til politiet.

For tankanlegget i Sløvåg i Gulen tok slett ikkje imot vaskevatn frå båtane, slik dei sjølve hevda i juli i fjor.

Den pågåande politietterforskinga har avslørt at verksemda dreiv med ulovleg nøytralisering av stoff, og tok i mot giftig svovelavfall utan naudsynte løyve.

Det likar Bjørn Bjørnstad i Statens Forureiningstilsyn dårleg. - Vi meiner at bedrifta har opptrådd aktlaust, og at denne aktløysa har vore med på å resultere i eksplosjon i fjor.

Avfallet vekk innan utgangen av juni

Konklusjonane frå Økokrim, som no leiar etterforskinga etter Vest Tank ulukka, er venta tidlegast i juni.

Men det illeluktande restavfallet skal ifylgje SFT garantert vere vekk innan utgongen av neste månad.

Det har ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med tidlegare dagleg leiar i Vest Tank, Jostein Berland.