Hopp til innhold

Vert skremde bort frå Sogndal

Stadig høgare bustadprisar tek skremmer no folk vekk frå Sogndal. For ikkje lenge sidan vart ei tomt på vel eit mål seld for 1,5 millionar kroner.

Sogndal
Foto: NRK

Det blir trangt for leiketoget til snart tre år gamle Vemund på kjøkengolvet i kjellarhusværet i Sogndal. Men snart får han, veslesyster Liva, pappa og mamma Lena Skjerdal langt betre plass.

- Ein million meir i Sogndal

Men huset ligg sjølvsagt ikkje i Sogndal - det hadde dei aldri hatt råd til. I staden går flyttelasset til Leikanger.

- Vi har kjøpt ein einebustad frå 1956 på 147 kvadratmeter med fantastisk panoramutsikt over fjorden. Vi har betalt 1,2 millionar kroner for huset på Leikanger. Eg trur det ville ha kosta ein million meir i Sogndal. Vi har vore med på fire bodrundar, men vi har sett på fleire hus som ikkje har vore aktuelle for oss. Dei har vore for dyre.

Jon Ramstad er ein annan som fort kan verte tvinga til å flytte ut av Sogndal.

- Vi var med i ei bodrunde på eit rekkjehusvære, og hadde sett oss eit tak på kor høgt vi kunne gå. Huset gjekk for meir.

- Sinnsjuke prisar

Huset på 110 kvadratmeter dei såg på gjekk til slutt for to og ein halv million kroner.

- Det er sinnsjuke prisar. Det er spesielt dyrt å kome seg inn på marknaden for dei som alt ikkje er der. Det er eit problem at vi ikkje har eigd noko tidlegare. Det ser ut som om husprisane på Leikanger ligg kring ein million kroner lågare enn i Sogndal. På Leikanger får du ein einebustad for det same som eit lite husvære kostar i Sogndal.

- Kva har det å seie for dine vurderingar?

- Det har mykje å seie, men skal vi flytte til Leikanger må vi kanskje kjøpe ein bil til, så det må jo reknast på om det verkeleg vert billegare, seier Ramstad.

Bryr seg ikkje om rasfaren

Men rasfare og reising til trass - Jan Arild Rømmen hos Sogn Eigedomskontor merkar at stadig fleire gir opp eigedomsmarknaden i regionsenteret.

- Vi har og lagt merke til at ein del sogndøler har vist interesse for hus på Leikanger. Det er nokre som har flytta til Leikanger. Vi veit og om folk frå Sogndal sentrum som har kjøpt seg hus på Kaupanger og Hafslo. Kanskje ikkje så mange, men det er ein del som ser seg om etter hus utanfor Sogndal. Det er jo ein del familiar som har vore med på bodrunder, som ikkje har fått tilslag. Då er det heilt naturleg at dei ser seg om etter hus andre stader, for hus må dei jo ha. Og når dei då finn svært mykje billegare hus når dei berre kjem ei eller to mil utanfor sentrum, så er det jo interessant.

Prisane aukar utanfor sentrum

Men dette gir seg også utslag i prisane utanfor Sogndal. Bustadprisane på Leikanger aukar litt, og i det siste har fleire bustadhus på Kaupanger vorte omsette for over to millionar kroner.

No ventar Rømmen på at den største hindringa mellom Sogndal og Leikanger skal forsvinne - med tunnelen gjennom Fatlaberget.

- Det vil kome bompengar, men det at det vert rassikkert har mykje å seie. Eg trur det vil ha positiv effekt for Leikanger, meiner bustadmeklaren.