Der vil mellom andre ei elevgruppe, to lærarar og rektor frå Sogndal Folkehøgskule delta. I minnestunda etter seremonien i kyrkja vil rektor Frode Hjort-Larsen halde ein minnetale til dei pårørande.
Det skal og vere ei minnestund på folkehøgskulen i Sogndal i dag klokka 12 - samstundes med gravferda.
Felles markering på folkehøgskulane
Elevane ved alle folkehøgskulane i landet er invitert til ei felles markering i samband med gravferda til Hedda Karterudseter i dag. Det er Ringerike folkehøgskule som har teke initiativet til markeringa.
Den tragiske hendinga i Sogndal er alt markert ved enkelte skular, men blir fylgd opp i dag under gravferda. Enkelte skular vel eit minutts stille, andre flaggar på halv stang.