Hopp til innhold

Vert "løvene" hindra av UDI?

Gruppa Lions of Africa, som skal opptre på Førdefestivalen i sommar, kan risikere å ikkje få visum, skriv Firda fredag.

Lions of Africa

Men festivaldirektør Hilde Bjørkum er positiv.

– Søknaden er under behandling no, og vi reknar med å få svar i dag eller på mandag. Vi håpar og trur det går i orden, seier ho.

Dårleg saksbehandling

Bjørkum meiner festivalleiinga og gruppa har gjort alt rett, og fortel at ho óg tidlegare har opplevd mange tilfelle der saksbehandlinga ikkje er god nok.

– Men det løyser seg vanlegvis, fortel festivaldirektøren.

Hilde Bjørkum

Hilde Bjørkum, direktør for Førdefestivalen

Har de vert nøydde til å avlyse konsertar før, grunna visumtrøbbel?

Ja, éin gong. Gruppa fekk ikkje visum tidsnok, seier ho.

Imøtekommande

Ho påpeikar at ho i år har vore fornøgd med UDI så langt i år.

– Då eg kontakta dei angåande visum-saka, var dei veldig imøtekommande, og flytta saka opp på prioriteringslista, fortel ho.

Uverdig

Ho meiner det er eit paradoks at politikarane poengterar at Norge skal vere eit land med mangfald og kulturutveksling, når festival-artistane møter så mange problem.

– Artistane blir mistenkeleggjorte. Ein må sjølvsagt behandle visumsøknader skikkeleg, men eg meiner artistane ikkje blir behandla verdig i enkelte tilfelle, seier Bjørkum.

Pinleg

– Det er pinleg når verdsstjerner kjem til Norge og søker visum, og dei blir møtt med ei arrogant haldning. Eg er ikkje veldig stolt av å vere norsk når slikt skjer, fortel direktøren.

Du høyrest litt skuffa ut?

Ja, eg tykkjer ikkje det er bra at det skal vere så trøblete å få tak i eit visum når vi har alle papir i orden, sjølv om det vanlegvis går bra, seier ho.

Men nokon plan B har festivalen ikkje.

– Det er umogleg med eit slikt arrangement. Vi trur og håpar at dette går i orden, men vi må avlyse konserten om det ikkje gjer det, konstaterer ho.

- Må halde seg til regelverket

Underdirektør Anne Kari Kolstrøm i UDI seier dei må forholde seg til regelverket, og alltid vurdere mogelegheita for at dei som får visum ikkje har intensjonar om å reise heim etter endt opphald i Norge.

Festfyrverkeri

Men festivaldirektøren har rett nok mange andre artistar å glede seg over. 330 i alt, frå 41 land.

– Eg gledar meg til alt. Eg har plukka ut berre godbitar, ler ho.

– Opningskonserten med Queens and Kings of the Gypsies frå Balkan og Frankrike, vert nok eit festfyrverkeri av ein konsert, avsluttar Bjørkum.