Hopp til innhold

Verft lovar å redusere støy

Skipsverftet Blaalid på Raudeberg i Vågsøy set i verk tiltak for å redusere støy og utslepp av støv.

Naboar har klaga over bråk og ureining, og fylkesmannen har bede om ei utgreiing.

Der lovar verksemda å redusere arbeid ut over normal arbeidstid og i helgene. Dei tilsette er blitt oppmoda om å redusere støy og utslepp i det daglege arbeidet.

Men verksemda vedgår at ein del utfordringar er vanskeleg å gjere noko med utan store investeringar.