Hopp til innhold

Verdsmeister prøvde badestamp i Fresvik og åt bringebær i Vik

Den verdskjende stavhopparen Brad Walker var nyleg i Vik i Sogn for å vitje kamerat og mangekamputøvar, Henrik Holmberg. Treningskompisane har både vore turistar i eige fylke, samt fått trent litt.

Walker og Holmberg

GODE KAMERATAR: Stavhopparen Brad Walker og mangekamputøvaren Henrik Holmberg har vitja alt av turistattraksjonar i Vik.

Foto: Anna Maria Fjærestad Holmberg

– Det har vore ei heilt utruleg veke, seier Holmberg, som fredag sende Walker vidare til London, der han skal konkurrere med verdseliten.

Brad Walker er verdsmeister i stavhopp, har den amerikanske rekorden på 6,04 meter og er topp fem gjennom alle tider på verdsrankingen. Denne veka bestemte den meritterte stavhopparen seg for å vitje Holmberg i Vik.

– Vi kjenner kvarandre godt frå før av, og når han ikkje visste kva han skulle gjere mellom arrangementa i London og Glasgow inviterte eg han til Vik. Eg har nok godprata litt om heimbygda tidlegare, fortel han.

Badestamp og bringebær

Dei to treningskameratane har nytta tida godt, og har fått med seg det meste hjå dei fleste.

– Vi har fiska i Vikja, vore på Kviknes, prøvd badestampen i Fresvik, ete jordbær og bringebær, vi har rett og slett sett og opplevd det meste, seier Holmberg.

Mangekamputøvaren fortel at naturen og maten var det som imponerte Walker aller mest.

– Då vi køyrde ned Vikafjellet og bygda openberra seg lurte Brad på om det var denne bygda eg kom ifrå. Etter at eg hadde svara ja, responderte han med å seie at det var som snytt ut av eit postkort eller ein film han hadde sett, fortel Holmberg.

– Brad var også imponert over at vi et hjort som vi har skote sjølve og et fisk som vi har fiska sjølv. Han sa det såg ut som at folk gløda fordi dei et sunt og held seg i aktivitet, seier han.

Ville feriere

Holmberg og Walker har ikkje trent mykje under opphaldet, fordi stavhopparen er på slutten av sesongen, og helst ville nyte feriekjensla. Men dei to fekk tid til ei økt i Bergen før Walker flaug vidare.

– Eg har trent med han i over tre månader tidlegare, men det er alltid kjekt å trene med ein som er så erfaren. Han kan alle elementa på stav, alt frå basisen til den siste finpussen. Det er veldig kjekt å kunne sparre med ein slike type, seier Holmberg.

Kan ta medalje under NM

Sjølv om dei to fekk trent litt er ikkje Holmberg heilt i form og har innsett at han ikkje får delta i EM i friidrett.

– Målet var å kome til EM i mangekamp, men eg vart sjuk rett før eg hadde den siste sjansen til å kvalifisere meg i Portugal, seier han.

Men Holmberg skal delta i NM på enkeltøvingar som høgde, lengde og sprint.

– Eg har teke medalje i høgde under NM tidlegare, og eg er ein mykje betre atlet no, enn tidlegare, fortel han.

Helga etter NM skal Holmberg delta i ein mangekamp helga etterpå før han avsluttar sesongen.