Hopp til innhold

Ver merksam på bjørnen...

Bjørn har trass alt drepe sau i nærleiken...

Pass opp for bjørn

Dette skiltet var å sjå langs riksvegen over Rørvikfjellet i Førde søndag kveld.

Les og: Tre sauer drepne av bjørn

- Eg og kona var ute og køyrde og såg at der det vanlegvis hang eit skilt om sauer var det kome ei forandring, fortel Harald Heimestøl som køyrde forbi skiltet på Rørvikfjellet i Sogn og Fjordane i søndag kveld.

Sauekadaver Hetle

Denne sauen på Hetle ikkje langt unna kan ha vorte drepen av bjørn.

Foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

Likna på vanleg skilt

- Vi køyrde tilbake og då såg vi at det var nokon som hadde festa eit nytt skilt utpå det gamle, og det var skikkeleg godt utført. Sjølv på nært hold liknar det eit ordentleg skilt, seier Heimestøl.

I dag avdekka Statens Naturoppsyn at skiltet ikkje er heilt malplassert. Vel ei mil frå der skiltet står stadfesta dei i dag at ein sau har vorte drepen av bjørn.