– Dette er ein forkasteleg måte å behandle folk på, seier Marita Aarvik.
Aarvik søkte om pasienterstatning fordi skuldra hennar vart feiloperert. Sjukehustabben førte til store smerter, og ho er tvungen til å jobbe deltid.
Staten innrømte tidleg erstatningsansvar, men brukte etterpå sju år på å kome fram til erstatningssummen på 300 000 kroner.
Aarvik har nyleg klaga på erstatninga. Går saka til klageorganet Helseklage kan ho måtte vente i årevis også der.
– Det har vore forferdeleg tungt. Det heng i lufta utan at du blir ferdig med det, seier Aarvik.
Regjeringa: - Folk ventar for lenge
– Sakshandsamingstidene både hjå Norsk pasientskadeerstatning (NPE) og Helseklage er for lange. Vi har stor forståing for at det er belastande for pasientane, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Maria Jahrmann Bjerke (H).
For Aarvik er ikkje åleine. I gjennomsnitt må folk vente i 9,5 månader på om dei har krav på erstatning frå NPE. Deretter tek det ytterlegare 13 månadar å fastsette erstatningssum.
Klagar ein avgjerda til Helseklage var ventetida i utmålingssaker i gjennomsnitt 33 månadar i 2018. 17 månader i saker som handlar om sjølve erstatningsansvaret.
– Vi har sett i gang fleire grep for å betre på dette, mellom anna løyver vi meir pengar, seier Bjerke.
Har forståing for at det er krevjande
Kommunikasjonsdirektør i NPE Øydis Ulrikke Castberg, seier dei vil kutte tidsbruken.
– Men det vil alltid vere saker der vi må vente for å sjå omfanget av skaden over tid, seier Castberg.
I Aarvik sitt tilfelle har NPE venta på tiltak og oppfølgingar frå NAV.
– Vi må ha kunnskap om omfanget av skaden, og kva konsekvensar den får for pasienten sin moglegheit til å jobbe, seier ho.
Flyttelass og babyboom skapte klagekø
Også Helseklage ynskjer å kutte ventetidene, der er målet 17 månadar i gjennomsnitt i løpet av året.
I 2017 vart Helseklage flytta frå Oslo til Bergen. Det gjekk utover saksbehandlingstida.
– Det var berre to av om lag 100 tilsette med på flyttelasset. Vi har rekruttert mange nye tilsette i Bergen, men det tek tid å byggje opp naudsynt kompetanse og erfaring, seier senior kommunikasjonsrådgjevar Marit O. Øvregård.
I tillegg har mange av dei nye tilsette fødselspermisjon.
– Vi har babyboom i Bergen. For tida er om lag 15 tilsette i fødselspermisjon, forklarar Øvregård.
– Livet er sett på vent
Marita Aarvik sit med ei dårleg kjensle.
– Å vente så lenge som dette set livet på vent. Ein må setje eit tak på kor lenge folk skal vente, seier Aarvik.