NRK Meny
Normal

Velta tre førte til brannar og stengde fylkesvegar

Den sterke vinden har gjort at fleire vegar no er stengde på grunn av tre som har velta over vegbana. Fleire kraftlinjer har òg blitt råka, noko som har ført til enkelte brannar.

Gå til forsiden

Brann på Ålfotfjellet

Brann i Svelgen

Brann på Ålfotfjellet

4 bilder

    Fylkesveg 614 mellom Svelgen og Ålfoten vart stengd etter at eit tre bles over både veg ei kraftlinje i Sørdalen på Ålfotfjellet. Det byrja å brenne på staden, men den er no sløkt.

    Alarmsentralen i Florø opplyser at gnistregn frå kraftlinja skal ha sett fyr på terrenget. Mesta er no på plass for å rydde.

    – Alt mannskap i Bremanger er ute i Svelgen. Jobben der er å få vekk personar som oppheld seg utandørs, i tillegg sjekkar dei ut nokre gnistar som var meldt om i utkanten av sentrum, seier vaktleiar på Alarmsentralen Frode Eide.

    På grunn av tre som datt over kraftlinjene er Myklebust i Ålfoten utan straum, opplyser Eide.

    Velta tre stenger veg

    FLEIRE VELTA TRE: Vegen mellom Kjøde og Otnes i Selje kommune er stengt etter at fleire grantre har blåse over vegen.

    Foto: NRK.no-tipsar

    Utan straum er og Isane i Bremanger.

    Politiet melder òg at ein leidning blåste ned og sette fyr på terrenget i Vågsvåg. Kort tid etter vart det opplyst at brannen er sløkt.

    Per Magne Kjøde var ute og køyrde i Selje då det plutseleg var full stopp.

    – Det er digre grantre som har blåse rett over vegen. Dei har rydda vekk nokre av dei og held på med å sage ned fleire. Dei står og vaiar i toppane, fleire meter fram og tilbake, seier han.

    Han fortel om svært sterk vind.

    – Akkurat no er det heilt forferdeleg. Det er nesten ikkje råd å fote seg. Eg var ute med dei to gutane mine og det var berre å halde dei godt fast, så dei ikkje bles over ende i dei verste kasta, seier han.

    Til no har det kome inn meldingar om tre fylkesvegar som har blitt stengt på grunn av tre som har velta. Det gjeld:

    • Fylkesveg 614 ved Bortnetunnelen i Bremanger. (Opna att)
    • Fylkesveg 620 mellom Kjøde og Sandvik. (Opna att)
    • Fylkesveg 618 ved Vederhus i Selje kommune. (Opna att)

    Vegvesenet oppmodar folk som ikkje treng å køyre bil om å halde seg heime.

    Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
    Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
    veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser