Veit kvifor det small i Førde
Politiet har no fått svar på kva som førte til dei høge smella i Førde natt til måndag. Fleire vart vekte av dei høge smella og tok kontakt med politiet. Det viser seg at smella stammar frå problem med ein semitrailer. To luftbelgar til høgdejusteringa på køyretøyet sprakk, skriv politiet på Twitter.