Veit ikkje brannårsaka
Politiet veit framleis ikkje kvifor det byrja å brenne i eit verneverdig hus i Lærdal søndag. Brannen starta ved inngangsdøra, på utsida av huset som om sommaren blir leigd ut. Det var folk som stelte graver på kyrkjegarden som melde frå om at det brann. Ingen blei skadde i brannen.