Hopp til innhold

Brann i hus i Lærdal

Naudetatane rykka ut etter melding om brann i eit hus på Lærdalsøyri.

Brann på Lærdalsøyri

UTRYKNING: Brannvesenet fekk raskt kontroll over brannen.

Foto: Jan Christian Jerving

Brannen skal vere i nærleiken av Hauge kyrkje, opplyser politiet.

– Det brenn i eit feriehus. Brannvesenet er straks framme, sa Dan Inge Gjesdal ved Alarmsentralen like etter at meldinga om brannen kom kl. 17:27.

Eit mannskap på ti brannmenn blei sende til staden.

– Per no ser det ikkje ut til at det er fare for spreiing, seier Gjesdal.

Operasjonsleiar Terje Magnussen ved politiet seier at det ikkje var folk i huset då det byrja å brenne.

– Ingen har kome til skade, og det skal no vere kontroll på brannen. Det har brunne ved inngangsdøra, seier han.

Eit vitne på staden seier det kom røyk ut av huset.

– Huset ligg rett ved kyrkja og er gamalt. No ser det ut som om det er under kontroll.