Hopp til innhold

Vegskulder gav etter for lastebil

Ein lastebil fullasta med stein kvelva like over klokka 14 ved Frivik i Høyanger kommune.

Velta tipp-semi

PÅ SIDA: Semitraileren la seg rett over på sida då vegskuldera gav etter.

Foto: NRK-tipsar

Operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser at ting tyder på at vegskulder har gjeve etter for lastebilen. Ingen personar vart skadde i uhellet

Bergingsbil frå Førde bilberging skal vere på staden.

– Bilberging er rekvirert, og det gjeld også gravemaskin for å ta ut delar av lasta for å få lastebilen på vegen att, seier Værøy. Bilen er lasta med steinmasse.

Fylkesveg 55 mellom Høyanger og Vadheim er innsnevra på staden og vil venteleg bli det framover ettersom vegskulderen gav etter.