Hopp til innhold

Vegen til Årdal er opna att

Natt til onsdag gjekk det eit stort ras på fylkesveg 53 mellom Naddvik og Årdalstangen. No er vegen rydda og opna for fri ferdsel.

Ras sperra riksveg 53 ved Naddvik

VEGEN ER OPNA: Entreprenøren til vegvesenet har rydda vegen sidan nitida.

Foto: Arve Uglum / NRK

To stengde fjellovergangar og eit ras har sperra årdølene inne. Dermed var begge fartsårene ut frå Årdal kommune stengde og dei omlag 6000 innbyggjarane var heilt isolerte.

I nitida vart fylkesveg 53 Årdal - Tyin opna etter at den var stengd på grunn av fare for ras. Raset ved Naddvik vart rydda då det byrja å lysne og vegen er no open.

Venta sidan kvart på sju

Raset og rasfaren førde mellom anna til at folk ikkje kom seg til og frå jobb.

Ein av dei som har venta lenga er Håkon Fuhr frå Luster. Han skulle på jobb i Årdal og kunne endeleg køyre vidare då bommen ved rasstaden vart fjerna.

– Eg har venta lenge no, seier han og er nøgd med å endeleg kunne køyre vidare.

Mange stengde vegar

Desse er stengde pågrunn av skred eller fare for skred:

Sogn og Fjordane

  • Framfjorden frå Vik
  • Til Skjerdal frå Aurland
  • Til Bakka frå Gudvangen
  • Frå Langhus til Undredal

Desse vegane var stengde, men opna i dag tidleg:

  • Esebotn
  • Hafslo til veitastrond
  • Årdal - Tyin
  • Hol -Aurland
  • Årdalstangen - Naddvik
Ras sperrar vegen ved riksveg 5

RAS SPERRA VEGEN: Årdal var isolert i natt og morgontimane på grunn av raset ved Naddvik og rasfare på riksveg 53 Årdal - Tyin.

Foto: Arve Uglum / NRK