Høyrde at det rasa
Vegen rasa ut i 10-tida onsdag, og Kveane blei kontakta av folk som hadde høyrt at det rasa.
– Vi reiste opp og fekk sperra av området med ein gong, seier han.
Den kommunale vegen har rasa ut i den tredje svingen som heiter Storpreikaren, om lag halvannen kilometer frå Gaupne sentrum. Den fem-seks kilometer lange vegen går til Engjadalen.
Kjem seg ikkje ut
Det er to fastbuande familiar i området, i tillegg til at det er mange hytter der. Og området blir mykje brukt som friluftsområde.
– Vi jobbar for å få på plass ei mellombels løysing slik at dei som er i Engjadalen skal få komme seg ned att fredag. I tillegg til dei fastbuande, er det ein del folk på hyttene no når fleire har vinterferie, seier han.
– Hadde de fått noko forvarsel om at noko slikt kunne skje?
– Nei, dette kom heilt plutseleg. Muren har sett grei ut og ikkje har det vore dårleg ver. Men det er ein gammal mur som blei lagt for 60 år sidan. Den ligg på skråfjell og det ser ut som murfoten har sklidd ut.
– Dei andre murane ser bra ut
Vegen er mykje brukt både av bilar og av gåande. Kveane trur ikkje bruken har vore for stor i forhold til standarden på vegen.
– Nei, det trur eg ikkje den har vore, seier han.
Kveane trur det går bra med resten av vegen som går i slyngjer oppover.
– Murane ser bra ut og vi håper det ikkje skjer.
Blir stengd ei stund framover
No er vegen heilt stengd til fredag, også for fotgjengarar. Dei som er i området har fått beskjed om kva som har skjedd.
– No ventar vi på ei gravemaskin som skal starte arbeidet. Vi håper vegen blir opna mellombels fredag slik at folk kjem seg ut. Etter det må vi stengje igjen i periodar, så vegen blir ikkje permanent open. Når det gjeld dei fastbuande, så får vi sjå korleis vi skal handtere saka.
Når gravemaskina kjem på plass, startar arbeidet med å reinske opp dei lause massane som har hamna på vegen under. Svingen skal byggjast litt om der det rasa, slik at det går an å køyre trygt forbi rasstaden.
– Så får vi ta det derfrå. Vi skal få det til, men det blir ei utfordring å få på plass ein ny mur, seier han.