Hopp til innhold

Søkkvåt sigerspall under olsokløpet i Hyen

HYEN (NRK): Motbakkeløpet under Hyen Friluftsfestival på måndag vart ei våt oppleving for dei spreke deltakarane.

Olsokløp i Hyen

SIGERSPALLEN: Sverre Nesdal Aske (i midten) stakk av med sigeren under Olsokløpet. Her flankert av nummer to Anders Ommedal og nummer tre Helge Heimseter.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi har registrert rundt 50 namn. Det er imponerande at folk stil opp til trass for vêret, fortel Marius Rygg.

Bakkeløpet stig 535 meter på 3,1 i kilometer. Sverre Nesdal Aske (43) var raskast opp bakkane.

Olsokløp i Hyen

STILLER OPP: Til trass for at regnet hølja ned, var både publikum og springeglade på plass under bakkeløpet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er bratt, fortel ein sliten Aske like etter målgang.

Sjølv om han har delteke mange gonger tidlegare, blir han like sliten kvar gong.

– Det blir brattare og brattare kvart år.

Stakk frå feltet tidleg

– Eg og han som blei nummer to stakk av ganske tidleg. Vi sprang i lag i ein halv kilometer før eg rykkja. Sidan då sprang eg åleine heile vegen, seier Aske.

Olsokløp i Hyen

50 DELTAKARAR: Folk i alle alder deltok under bakkeløpet i Hyen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Hann legg til at han i grunn aldri følte at sigeren var truga.

– Eg hadde bra kontroll. Men det kjem alltid ein ny bakke, så ein må ha litt på lager.

For dersom du opnar for hardt i dei bratte bakkane, kan du få deg ei vond oppleving.

– Det er brattare enn det ser ut til, så det er lurt å porsjonere litt. Mange opnar for hardt, og då er det pang halvvegs, seier sigersherren.

– Heilt forferdeleg

Anders Ommedal vart nummer to opp bakkane i Hyen. Om lag 30–40 menneske hadde teke turen i grisevêret for å heie fram løparane. Men det fekk Ommedal knapt med seg.

– Det er heilt forferdeleg, fortel han like etter målgang.

Han ligg full i krampe, og må innrømme at han ikkje hadde sjanse til å følge Aske.

– Eg prøvde å henge på for lenge. Då blir det frykteleg tungt på slutten. Ein tenkjer alt for dumt på starten, og trur ein kan springe raskare, får Ommedal fram medan konkurrenten Aske hjelp han med uttøyinga.