Hopp til innhold

Vatnet stig som venta, men varmen i dag kan bli avgjerande

I løpet av natta har vatnet i enkelte elvar stige med ein meter. I dag er det venta meir vatn i elvene.

Elv i Lærdal

VATNET STIG: NVE har fått meldingar i løpet av natta som tyder på at effektane av snøsmeltinga har byrja å flytte massar i elvene.

Foto: Jan Christian Jerving

– Vi har fått meldingar om at det er svært høg vassføring i enkelte elvar. Det betyr at det er mykje smeltevatn som kjem ned med stor kraft og byrjar å flytte massar i enkelte vassdrag som kan gi utfordringar lokalt, seier regiondirektør i NVE, Brigt Samdal.

Vatnet har byrja å flytte massar

I går vart flaumvarselet for Sogn og Fjordane oppgradert frå gult til oransje nivå, det nest høgaste på NVE sin skala. Det gjeld også Møre og Romsdal, Hordaland, Rogaland, Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Oppland.

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

FØLGJER SITUASJONEN: Brigt Samdal i NVE overvakar situasjonen i elvene i spenning.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Vi har fått melding frå Lærdal om fleire vassdrag som byrjar å gå høge og fører med seg mykje lausmasse. Vi har også fått melding frå Aurland og Stryn om høg vassføring. Men førebels har eg ikkje fått meldingar om skader av flaumen, seier Samdal.

Det er den store snøsmeltinga i kombinasjon med høg temperatur som gjer at faren for flaum aukar.

Vatnet stig raskt

– Vi har også fått meldingar om vatn som har hatt rask vasstandsauke med over ein meter på fleire vatn. Så no byrjar vi å sjå effektane av alt dette snøsmeltevatnet som skal ned, i tråd med dei forventningane vi har, seier Samdal.

Med så høge temperaturar som er venta i løpet av laurdag og søndag med rundt 28 grader vil NVE følgje situasjonen nøye.

– Det er klart at med det vêret vi skal ha så vil snøsmeltinga fortsette. Då er vi litt prisgitt korleis dette blir med kombinasjonen med nedbør og snøsmelting blir, seier Samdal.