Vatn på Indre Hafslo delvis tilbake

Luster kommune seier at abonnentar på Indre Hafslo som får vatn frå Bruheim-bassenget har fått att vatnet. Dei melder òg at Melheim-bassenget truleg er tomt, og at dette råkar abonnentar i fleire område i kommunen. Dei jobbar med å reparere ein lekkasje.