NRK Meny
Normal

Vasstanden skapar trøbbel

Det ville vêret fører til høg vasstand, springflo og elvar som stig langt over dei normale breiddene.

Hus under vatn på Raudeberg

SPRINGFLO SKAPAR TRØBBEL: På Raudeberg observerte fotograf Bjarne Eldevik eit hus omringa av vatn.

Foto: Bjarne Eldevik

Stormen som herjar norskekysten for tida gjer at vasstanden aukar dramatisk, noko ein merkar godt både ved kysten og lengre inn i fylket.

Stadhavet er heilt vilt

Stormflo langs heile vestlandskysten gjer at vasstanden aukar drastisk i elvar nær kysten. Kraftig vind gjer at havet oppfører seg ekstra vilt desse dagane.

Hoddevika er kjent for sine høge bølgjer og heftige naturkrefter, men i dag imponerte det ville Stadhavet til og med dei fastbuande ute på kysten.

– I dag er havet enormt i Hoddevik, seier Cathrine Liss Hoddevik som sende inn dette biletet:

Høg Vasstand i Hoddevik

ENORMT: Kreftene i havet imponerer sjølv dei mest vande bebuarane ute ved kysten.

Foto: Cathrine Liss Hoddevik

Flaumvarsel

Noregs Vassdrags- og energidirektorat (NVE) sende i dag ut flaumvarsel for Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Elva renn over

RENN OVER: Vasstanden i elva Jølstra renn over sine breidder i Førde sentrum

Foto: Susanne Egset / NRK

Dei store nedbørsmengdene skaper stor fare for flaum, og NVE ber om at folk passar på at avløpsvegar og sluk er opne og tek unna vassmengdene.

I tillegg fører nedbørsmengdene i kombinasjon med snøsmelting med seg ein auka fare for jordras.

Bratte skråningar, elvar og bekkar med mykje vatn kan utløyse slike ras, står det i flaumvarselet frå NVE.

Elvar over breiddene

Det forrykande regnet gjer at både små og store elvar renn over breiddene sine, også lengre inn i landet.

Mellom anna i Førde kan ein sjå at elva Jølstra har stige langt over normalen.

Syn som vitnar om ein unormalt høg vasstand er mange. Ein ser trappetrinn som går rett ned i djupet, forsvunne gangstiar og høge tre midt i elva ein vanlegvis ikkje treng vadestøvlar for å nå ut til.

Trapp ned i intet

TRAPPETRINN TIL INTET: Følgjer du desse trappetrinna heilt til botnen står du med vatn frå elva Jølstra opp til livet.

Foto: Susanne Egset / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.