Hopp til innhold

Vasstanden har byrja å stige att

Snøsmelting og ytterlegare store nedbørsmengder er venta å auke vasstanden i Lærdalselva utover dagen.

Flaum i Utladøla 2

VAKS SEG STOR: Også Utladøla vaks seg stor torsdag kveld.

Foto: Joacim Styve

Vasstanden har gått noko attende etter ein førebels topp i går kveld, men er venta å kome på i alle fall same nivå utover dagen i dag.

– Ser ein lenger oppe i vassdraget, på Fillefjell, så er det byrja å stige att. Det var nok ein forbigåande topp vi hadde i går, fortel vakthavande hydrolog Heidi Bakke Stranden hos NVE Region Vest.

Flaum tok E16

E16 stengd etter ras

STENGD: Delar av E16 forsvann med den flaumstore elva.

Foto: Arne Veum

Sterkt trafikkerte E16 kan bli stengd i fleire dagar etter at delar av vegen rasa ut ved Honing bru mellom Borlaugkrysset og Maristova.

Bakke Stranden seier slikt også kan skje fleire stadar i landet. Det er spesielt indre delar av Sogn som vil vere utsett i Sogn og Fjordane.

– Det får vere ei mager trøyst at det er liknande tilstandar fleire stadar i fjellet med høg snøsmelting, seier ho.

– Hald deg vekke

Hydrologen åtvarar folk mot å nærme seg flaumstore elvar. Utover dagen i dag har Meteorologisk institutt varsla om meir nedbør.

NVE åtvara i går mot 20-årsflaum i fjellet.

– Flaumstore elvar er ikkje noko å leike med, så for all del hald dykk vekke frå elva. Dersom opplevd å få vatn i kjellaren tidlegare, kan rydde unna det som ligg på golvet. Har du budd på same staden i 100 år og aldri opplevd å få vatn i kjellaren, så kan du ta det med ro, er oppmodinga.