Hopp til innhold

Vart teken i 120 km/t i 60-sone

Ein mann i 40-åra er dømd til 18 dagar fengsel, samt tap av førarretten i 21 månadar for å ha køyrt i 120 kilometer i timen i ei 60-sone.

Fjordane tingrett 11
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var i april i år at den svenske bilføraren vart stoppa i laserkontroll på E39 i Nordfjord.

Mannen vart målt idet han var i ferd med å avslutte forbikøyringa av to bilar i sin Audi A6 med tre liters dieselmotor, og laseren synte ein fart på 120 kilometer i timen.

Retten finn det bevist utover kvar ein rimeleg tvil ta mannens bil hadde ein fart på 120 kilometer i timen då farten vart målt. Retten legg også til grunn at mannen ikkje var varsam.

Meiner skadepotensialet var stort

Køyringa fann stad på ein forkøyrsveg, med fleire avkøyrsler. Retten peikar på at sjølv om køyrestrekninga må sjåast på som relativt oversiktleg, samt at det ikkje oppstod noko trafikkuhell, var skadepotensialet monaleg.

Det er ikkje tvilsamt at farten her har vore så stor at mannen hadde reduserte moglegheiter til å unngå uventa hindringar i vegen. Retten påpeikar også at mannen hadde med seg ein passasjer under køyringa.

I tillegg til fengselsstraffa, har mannen fått køyreforbod i Norge i 21 månadar. Han er også dømd til å betale sakskostnadar til det offentlege på 1.000 kroner.