Opnar reservebru på Fardal i dag. Foto: Karoline Kalstveit.
Klokka 21.00 torsdag kveld vart reservebrua på Fardal opna for køyretøy.
Det var uvêret måndag som fekk fundamentet under brua til å sige ut, noko som gjorde at vegvesenet var nøydd til å stengje brua for køyretøy. Dei sista daganae har folk blitt frakta med bussar på kvar side av brua.
Dei siste dagane har vegvesenet arbeidd med å setje opp ei byggjesett-bru over den gamle, slik at køyretøy kan passere rasstaden, medan det vert arbeidd på den gamle brua.
Dei veit enno ikkje når arbeidet på den gamle brua vil vere ferdig.