Hopp til innhold

Jon-Hermann (15) tok sin tredje NM-tittel – i år

Jon-Hermann Hegg (15) har levert ein så godt som prikkfri sesong. Laurdag toppa lærdølen den med sin tredje NM-tittel for året.

Jon-Hermann Hegg, Hermann H. Uglum og Jens-Henrik Hegg.

NOREGSMEISTRAR: Jon-Hermann Hegg, Hermann H. Uglum og Jens-Henrik Hegg kan alle titulere seg NM-vinnarar. I tillegg til suksess i lagkonkurransen, vann brørne Hegg kvar si klasse i Fana.

Foto: Privat

I år som i fjor vart Jon-Hermann Hegg noregsmeister på baneskytinga i klassa Eldre Rekrutt under landsskyttarstemnet i Sandnes.

Laurdag sikra 15-åringen seg to nye titlar under NM skyting med skogsløp i Fana.

– Det kjennest ekstremt bra ut, men det var litt uventa i dag. Eg trudde ikkje at eg var i så god form, seier han.

Ekte lagsiger

For skyttaren frå Hegg skyttarlag i Lærdal vann den individuelle konkurransen for Eldre Rekrutt med treff på ti av 12 skot. Suksess vart det også i lagkonkurransen, der Hegg hadde sjarmøretappen.

Der utgjorde 15-åringen eit lag saman med broren Jens Henrik, som også vann den individuelle rekruttklassa, samt Hermann Uglum. Dei to sistnemnde sytte leiing før ankeretappen.

På skytinga brukte han dei fem ordinære skota, samt tre ekstraskot. Likevel måtte 15-åringen ut i ei strafferunde.

– Han som kom bak tok innpå, så eg var spent då eg fekk ei strafferunde etter siste skyting. Då eg såg at også han måtte ut i ei strafferunde, så var eg sikker på siger. Det var ein ekte lagsiger, fortel Hegg.

Vil ha fleire titlar

Med unntak av eit par stemne, har Hegg levert det som må seiast å vere ein prikkfri sesong. 15-åringen har ein grei plan på korleis årets sesong skal toppast.

– Komme tilbake neste år og ta ein til.

– Kva NM-tittel du rangerer høgast?

– Det er tittelen frå Landsskyttarstemnet. Det er liksom der det er flest folk med, og vanskelegast å vinne.

Til neste år går Hegg opp ein klasse. Difor vil han allereie no auke treningsmengda.

– Til no har eg skote berre liggande, men til neste år skal eg også skyte kneståande. Så det må eg trene på, avsluttar han.