Hopp til innhold

Vart ikkje kvitt tiuren på taket

Halldis og Bjørn frå Slinde i Sogndal fekk ein tiur på biltaket i helga. Sjølv om det var både spennande og gøy, vart det etter kvart eit problem å bli kvitt han.

Halldis Nedrebø vart ikkje kvitt ein tiru på biltaket sitt

SJÅ VIDEO: Bjørn Bergum trur det er lenge til neste gang han får eit slikt møte med tiuren.

– Halldis skulle jo på jobb, så det vart etter kvart eit problem at han ikkje forsvann. Eg forsøkte å forklare det til han, men eg trur ikkje han forstod sognemål, seier Bjørn Bergum.

Bjørn er jeger, og har hatt mykje kontakt med mange ulike dyr, men å kome så tett innpå ein tiur meiner han er ganske uvanleg.

– Det var heilt spesielt, det er slikt ein berre opplever ein gong i livet, tenkjer eg.

Tiuren er kjend for å vere ein sint fugl, og kan ofte vere ei plage når han trenger seg innpå folk i til dømes skiløypa. Bjørn tykkjer likevel at denne tiuren verka snill.

– Særleg Halldis såg det ut til at han fann tonen med. Han vart nesten litt i overkant venleg, vi vart jo ikkje kvitt han til slutt, seier Bergum.

Han trur det blir lenge til han treffer på ein tiur på denne måten igjen.

– Neste gong eg møter ein tiur er det sikkert med tytebær og viltsaus rundt, men denne gongen var det hyggeleg å kome litt nærare ein.