Hopp til innhold

Vart frikjend for å ha sparka politimann

Ein mann i 20-åra var tiltalt for vald mot politiet og ha vore valdeleg mot vakter på ein utestad i Sunnfjord. I retten snudde dommarane på flisa og retta kritikken mot vaktene og ikkje den tiltalte.

– Både han og hans familie er lukkelege over utfallet saka har fått. Han kjenner han har blitt høyrt for første gong av retten når dei kom med si vurdering, seier Robert Fonn som er mannen sin forsvarar.

Den unge sunnfjordingen hadde i 2014 ein fuktig kveld på byen. Rett før utestaden han var på skulle stenge oppstod det usemje mellom tiltalte og dørvaktene.

Dei skubba kvarandre, og vaktene skal ha teke halsgrep på tiltalte då han prøvde å rive seg laus frå dørvaktene. Politiet kom til staden for å ta hand om mannen, og politiet har i retten forklart at mannen slo etter vaktene.

Men retten fann ikkje at det var gode nok bevis for at den tiltalte var valdeleg mot vaktene. Dei legg heller til grunn at mannen prøvde å vri seg unna.

«Den motstanden tiltalte har erkjent at han gjorde mot vaktene anser retten som framprovosert av den fysiske makt bartenderen og vakten utøvde mot ham, en maktutøvelse retten ikke kan finne bevist har vært rettmessig, jf. straffeloven 1902 § 228 tredje ledd.» står det i dommen.

– Ein ser at fleire vitne har forklart seg om episoden som starta det heile inne på utestaden. Når fleire får forklart seg, blir biletet meir nyansert. No kan ein relativt ung gut fortsette utan å ha dette ved seg, å ha utsett politiet eller vaktene for vald eller truga med å bruke vald, seier Fonn.

Usamde om faktiske hendingar

I tiltalepunktet om vald mot politiet meiner retten at tvilen om kva som faktisk har skjedd skal kome den tiltalte til gode. Mannen vart teken med ut og fekk ein beinlås på seg då politiet oppfatta at han sparka mot dei.

Etter å ha klaga på smerter i beina tok dei av låsen, og den eine politimannen vart då treft i låret med eit spark. Politifolka meiner det var bevisst, medan den tiltalte meiner det var refleksar i foten.

Sjølv om retten frifann den tiltalte på to punkt, så må han likevel ut med 10.000 kroner i bot. Mannen skal nemleg fleire gonger ha kome med forulempande utsegner mot politiet. Mellom anna skal han ha truga med å spytte på dei, og true med å ta ein av polititenestefolka.