Hopp til innhold

Svindeltiltalt prøvde å lure Silje til jakkereklamasjon

Silje Cristin Pettersen hjå Vero Moda fekk sjokk då ho fredag såg oppslaget til Dagbladet om den svindeltiltalte kvinna. For eit par månader sida prøvde kvinna å få reklamert på ei jakke hjå Pettersen – utan at ho kunne framvise plagget.

Silje Cristin Pettersen

VART RØRT: – Vi tykte det var forferdeleg at vi ikkje kunne hjelpe kvinna, og vart sjølvsagt rørte av krefthistoria ho fortalde, seier Silje Cristin Pettersen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Ho var ei veldig triveleg og oppegåande dame, og vi snakka lenge. Ho sa at ho hadde kjøpt ei av dei dyraste jakkene våre, og at denne hadde vorte øydelagd. Ho synte fram ein kopi av ei kvittering, og sa at ho dessverre ikkje hadde jakka med seg, seier Vero Moda-tilsett, Silje Cristin Pettersen i Førde i Sogn og Fjordane.

Dagbladet fortalde i går om Marie Madeleine Larsen (54) som vart henta av politiet. Kvinna er kjent som ein notorisk svindlar, og ho står no tiltalt for 15 tilfelle av grov svindel eller trakassering, med ei strafferamme på seks års fengsel.

Saka skal opp i juni i Oslo tingrett. Kvinna vart i same tingrett i 2007 dømd til tre års fengsel for ei lang rekkje tilsvarande saker, då under namnet Maria Kristoffersen. Dommaren skreiv då i straffeutmålinga «hun har holdt på med forbrytelser av samme karakter i over 20 år»

Visste ikkje kor lang tid ho hadde att

Då kvinna var innom Vero Moda for nokre månader sidan, la ho ut ei lang historie om at ho sjølv var syerske og hadde god peiling på kvalitet og saum.

Ho ønskte å reklamere på jakka, og lurte på om dei kunne hjelpe ho med dette, sjølv om ho ikkje hadde jakka med seg.

– Men så lenge vi ikkje får inn plagget, så er det ikkje så mykje vi kan gjere. Kvinna forklarte at ho hadde kopien av kvitteringa, og at ho hadde ein kollega på sjukehuset som kunne komme ned med jakka seinare, fortel Pettersen.

Vidare la kvinna ut ein ganske lang historie om at ho var svært kreftsjuk, at ho skulle gjennom ein alvorleg operasjon, og at diagnosen var svært dårleg, slik at ho ikkje visste kor lang tid ho hadde att å leve.

Vart rørt av den sterke krefthistoria

– Det kjendest fælt å ikkje kunne gjere meir for ho. Vi tykte jo synd på ho, og det er klart ein vert rørt når eit menneske deler ei slik sterk historie. Vi forklarte henne at vi uansett er underlagt visse reglar, og at vi ikkje kunne reklamere på eit plagg som vi ikkje har fått inn, seier Pettersen.

Ho kjende sjølv på at det var noko med historia som ikkje stemte, men var likevel aldri inne på tanken om at det heile var oppspinn.

Høyrde aldri noko meir

Kvinna tok tilbakemeldinga med fatning, og sa at ho skulle få anten kollegaen sin på sjukehuset eller sonen til å stikke ned med jakka på eit seinare tidspunkt.

Pettersen og kollegaene hennar høyrde aldri meir ifrå korkje kvinna eller den påståtte kollegaen eller sonen.

Det var reint tilfeldig at Pettersen i går oppdaga at kvinna ho hadde hatt i butikken, ser ut til å vere kvinna som Dagbladet presenterer som «Norges frekkeste kvinne».

– Eg høyrde om saka på radio, og då sa eg til sjefen min; tenk om det er ho, nesten litt på spøk. Seinare såg eg linken som Mariann (Njøsen, marknadssjef på Handelshuset. Journ. anm) hadde lagt ut til artikkelen til Dagbladet, og då såg eg med ein gong at det var ho, fortel Pettersen.

Ein heilt uverkeleg tanke

Ho fortel at ho vart sjokka då det gjekk opp for henne at ho hadde stått ansikt til ansikt med ein storsvindlar.

– Det verkar nesten uverkeleg og vanskeleg å begripe. At nokon kan vere så frekke at dei brukar ein så grufull sjukdom for å få sympati og svindle folk for pengar. Der stod vi to i kassen og var oppriktig lei oss fordi vi ikkje kunne hjelpe, og så var det berre løgn, seier Pettersen.

Ho legg ikkje skjul på at ho kjenner seg ført bak lyset.

Trur ikkje at folk lyg

Kvinna la fram ein kopi av ei kvittering, men det var ikkje mogleg å lese av kopien kva butikk den kom ifrå.

– Korleis ho har skaffa seg den, veit vi ikkje. Men det eg reagerte på var at det ikkje var noko stempel eller noko på den. Men likevel så trur ein jo ikkje at nokon står og lyg deg rett opp i fjeset om noko slikt, seier Pettersen.

NRK har forsøkt å komme i kontakt med kvinna sin advokat, Sigmund Øien, utan å lukkast.