Hopp til innhold

Det kan bli tøft å kome seg over fjella

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om dårlege køyreforhold i fjellet.

Tyin -Årdal

VANSKELEGE FORHOLD: Slik ser det ut på Tyin-Årdal, ein av fjellovergangane som er opne klokka 10.30.

Foto: Statens vegvesen (Webkamera)

– På fjellet vil det blåse ganske mykje i heile dag, og mest i dei nordlege områda. Det blir nedbør og mykje vind, seier statsmeteorolog Mette Skjerdal.

Alle dei store fjellovergangane er opne, men på uvêr gjer at det er kolonnekøyring på Hol-Aurland. Vikafjellet er stengd og opnar ikkje måndag.

Betre vêr dei neste dagane

Klokka 10 måndag blåser det liten kuling langs kysten og full storm ved Stad. Det er regn, og snø over 500–700 meter. I kveld vil snøbyene kome frå 100–300 meter.

Men folk kan gle seg til gradvis betring dei neste par døgna, seier Skjerdal.

Mette Sundvor Skjerdal

STATSMETEOROLOG: Mette Skjerdal.

Foto: met.no

– Frå i ettermiddag og kveld blir det mindre vind og den samanhengande nedbøren går over i byevêr. Det har starta i ytre strøk allereie. Tysdag blir det betrakteleg betre. Det blir nokre byer, men lettare skydekke og moglegheiter for sol mellom byene.

– Kom deg ut på onsdag

Statsmeteorologen opplyser at onsdag ser endå betre ut.

– Det blir opphald og ein del sol, ganske fint vêr. Grunnen er at eit høgtrykk litt nord for oss gir gunstige, austlege vindar og ganske lite skyer. Onsdag er dagen for å kome seg ut.

For sjølv om meldingane for resten av veka enno er litt usikre, ser det ut til at onsdag blir den finaste dagen denne veka.

– Høgtrykket trekker seg austover, dessverre. Det blir meir sørleg vind og kan kome ein del nedbør, seier Skjerdal.