NRK Meny
Normal

Varslar vanskelege køyreforhold i fjella

Det sendt ut obs varsel om vanskelege køyreforhold i fjella i Sør-Norge.

Snø

KAN BLI KAOS: Laurdag kveld og sundag er det varsla vanskelege køyreforhold i fjella i Sør-Norge

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

– Skal du over fjellovergangar er nok laurdagen den beste dagen, seier John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Laurdag kveld er det venta austleg sterk kuling til liten storm og litt påfyll av snø som gir snøfokk og vanskelege køyreforhold i fjellet.

– Verste køyreforholda blir det nok på sundagen, men på E16 over Filefjell ser det ut til at skal kunne gå relativt greitt, seier Omdal.

På dei andre fjellovergangane kan det fort bli kolonnekøyring eller heilt stengt.

– Dersom det blir slik det ser ut no med liten storm og snøfokk, så kan det bli stengingar, seier Omdal.

Her kan du lese oppdaterte vegmeldingar.

Ved vêrvarslinga på Vestlandet seier meteorolog Tone Christin Thaule at det nok er laurdag og sundag som byr på dei største utfordringa vêrmessig.

– Det byrjar å blåse på laurdag morgonen tidleg føremiddag og aukar på til ein sør austleg stiv kuling og etter kvart sterk kuling i fjellområda. Det er mykje vind i vente der.

Det kan og kome litt snø i dei austlegaste ormråda. Hovudsakleg er det Austlandet som får mest nedbør.

– Men det kan gjerne trekke litt over fjella slik at vi får snø i periodar i indre deler av fylket, seier Thaule.

Korleis utviklar det seg vidare?

– Det vert nok mindre vind når vi kjem ut i neste veke, det blir framleis vind ifrå søraust og aust og mindre nedbør. Det er nok laurdag og sundag som vert dei største utfordringane i løpet av helga med omsyn til vind og snø i fjellområda, seier Thaule.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.