Hopp til innhold

Varslar om useriøse tatovørar

FLORØ (NRK): Omreisande tatovørar utan godkjenning uroar kommuneoverlege.

Kommuneoverlege Jan Helge Dale

VANSKELEG Å KOME I KONTAKT MED: Kommuneoverlege Jan Helge Dale seier at tatovørar utan godkjenning truleg brukar sosiale media til å skaffe seg kundar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Vi ser stadig vekk at det vert annonsert, og vi høyrer frå legekontor at pasientar har vore innom med komplikasjonar med sårinfeksjonar og slike ting. Så då har det tydelegvis føregått, seier kommuneoverlege Jan Helge Dale i Flora.

Kommunen har tilsynsansvar med dei som driv tatoverings- og piercingverksemd i 13 kommunar i Sogn og Fjordane. No ønskjer legen å varsle om useriøse aktørar som ikkje har godkjenning.

Kan få infeksjonar

For å drive tatoveringsstudio i Norge skal ein ha godkjenning frå kommunen, både for lokale, hygienerutinar og bruk av fargestoff. Dale seier dei fekk melding om omfattande aktivitet i Førde i vår og sommar, utan at nokon i kommunen har godkjenning.

Marianne Ljungberg

NYTT: Marianne Ljungberg har ikkje tidlegare kjent til at ho har omreisande konkurrentar.

Foto: Privat

– Det er omreisande tatovørar, til dels utlendingar, men også nordmenn. Dei annonserer ikkje offisielt, det føregår ofte på sosiale media, gjerne også i lukka grupper på Facebook, forklarar Dale.

Dale meiner det er grunn til uro når dei som driv dette ikkje gjer det etter lover og reglar.

– Det vanlegaste er sårinfeksjonar. Det er også farar ved å bruke fargemiddel som ikkje er godkjende, som kan gje allergiske reaksjonar. Tatovering har potensial med å kunne gje alvorlege infeksjonar som hepatittar og HIV, sjølv om det sjølvsagt er svært sjeldan.

– Hygiene er det viktigaste

Kim Andre Herland

OPPMODAR OM GODKJENNING: Tatovør i Solund, Kim Andre Herland fekk godkjent studioet sitt i 2013. –Det er ei god innføring i korleis eit studio skal vere, seier Herland.

Foto: Privat

I Solund og i Balestrand ligg to av få godkjende studio i Sogn og Fjordane. Kim Andre Herland fekk sitt studio i Solund godkjent i 2013.

– Eg har høyrt at det er folk som driv rundt omkring. At dei er litt her og litt der.

Herland meiner bransjen ikkje er tent med at nokre driv utan godkjenning.

Det er synd for dei kundane som vel slike tatovørar, for tryggleiken er jo ikkje til stades med omsyn til hygiene og infeksjonar, seier Herland.

Marianne Ljungberg starta studio i Balestrand i januar, etter mange år i Bergen. Ho var ikkje klar over omreisande konkurrentar.

– Det var nytt for meg, at folk reiste rundt og er så useriøse.

Ljungberg seier hygiene er noko av det viktigaste i jobben.

– Eg jobbar veldig for at ein skal unngå infeksjonar. Det skal vere reint og eg er flink til å informere kunden om etterbehandling. Det har alt å seie for resultatet, forklarar ho.

Ber kundar spørre etter godkjenning

Ljungberg meiner tatovering ikkje er så uglesett som før, og at ryktet er knytt til den enkelte tatovør og studio. Dagens kunde i Balestrand skal ferdigstille ei tatoveringane på armen.

– Det er nokre vikingrelaterte motiv, litt runar, skip og dødningshovud. Ganske kult!

Både tatovøren og kommunelegen oppmodar dei som vil tatovere seg til å undersøkje studio og spørje etter godkjenning.