Hopp til innhold

Varslar endringar for sjukehusa

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde er klår på at innbyggjarane i fylket må bu seg på endringar ved sjukehusa.

Jon Bolstad og Clara Øberg på styremøte i Helse Førde

Adm. dir. Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg i Helse Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

Årsaka er den økonomiske hengemyra Helse Førde er komen i. I år ser helseføretaket ut til å gå med 95 millionar kroner i underskot. Føretaket er allereie i gang med å vurdere funksjonsfordelinga.

- Det betyr at folk må innstille seg på at det blir annleis når det gjeld funksjonane på alle sjukehusa våre, seier Øberg.

Vurderer sjukehusa

Allereie fem timar etter at statsbudsjettet var lagt fram, var styra i Helse Vest og Helse Førde i gang med å planlegge omlegging av drifta av sjukehusa for å tilpasse seg nivået på løyvingane.

- Vi vil sjå kva vi driv med på alle sjukehus i dag, og så må vi sjå på om det er dimensjonert etter dei 107 000 innbyggjarane vi har i fylket. Så må vi ta ned det vi har for mykje av, og ta opp det vi har for lite av, seier Øberg.

Vil ikkje legge ned

Øberg seier at det ikkje er aktuelt å legge ned sjukehus, men å vurdere om sjukehusa skal drive med andre ting enn i dag.

- Vi skal sjå på alt, det som er klart er at vi må sjå på om det er naudsynt å drive med dei same tinga på tre plassar, seier ho.

- Må sjå på nøkkelen

Styremedlem i Helse Vest, Gerd Dvergsdal, meiner at Helse Førde må innsjå at dei andre føretaka i Helse Vest ikkje lenger kan dekke opp underskotet til Helse Førde. Gunvor Sunde, som sit i fylkesutvalet for Arbeidarpartiet, meiner ein internt i Helse Vest må sjå på fordelingsnøkkelen mellom føretaka.

- Ein må sjå på kva kostnadsnivå Helse Førde har i høve Bergen, Stavanger og Fonna. Ein rapport nyleg viser at ein ikkje kan redusere meir utan å gjere strukturelle grep, men så sit vi som politikarar og seier at styret ikkje får ta strukturelle grep, seier ho.