Hopp til innhold

Varetektsfengsla for seksuelt krenkande åtferd

Ein 25 år gamal mann er sikta for å ha drive seksuell krenking mot fleire kvinner.

Han er sikta for fire tilfelle som skal ha skjedd på kjøpesenteret Handelshuset i Førde i løpet av ein dag. I tillegg er han mistenkt for ytterlegare tre tilfelle av same åtferd i Førde.

Mannen er også meldt for tilsvarande lovbrot i Stavanger fleire gonger i løpet av desember.

Fjordane tingrett gav i dag politiet medhald i at 25-åringen kunne varetektsfengslast i fire veker. Retten meinte at det at han er sikta for fleire hendingar i Førde, i tillegg til å ha vore i kontakt med politiet i Stavanger, syner at han manglar evne og vilje til å avstå frå denne typen handlingar.

Retten meiner det er stor fare for at mannen ville halde fram med liknande åtferd om han ikkje blei varetektsfengsla.

Mannen er ein asylsøkjar som har fått avslag på asylsøknaden sin. Om sikta blir domfelt risikerer han å bli utvist frå Norge. Han kom til Norge i november i fjor.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå sikta sin forsvarar eller frå politiet.

«Måtte bruke kroppsspråk»

Politiadvokat Inger Beth Fosse seier til NRK at mannen vart pågripen måndag denne veka etter eitt av dei siste tilfella av det politiet ser på som seksuelt krenkande åtferd.

– Kvinnene som har vore utsette for mannen seier at dei har blitt befølte både utanpå og under kleda. Dette gjeld både kundar og tilsette på Handelshuset.

Ho fortel at mannen i fengslingsmøtet forklarte at han på grunn av språkvanskar måtte bruke kroppspråk for å gjere seg forstått når han ville sjå på spesielle varer i butikkane.

To jenter fødde i 2001 er mellom dei som skal ha vore utsette for den nærgåande mannen. Dei skal i avhøyr komande tysdag.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå sikta sin forsvarar.