Hopp til innhold

Var på nippet til å leggje opp - men sjå på han no!

FLORØ (NRK): Jostein Joshua Fossøy har lagt bak seg to år med stong ut - no vil han ned att på 10,56 på 100 meter.

100 meter Florø friidrettsfestival

FULL GASS: - Eg tykte eg gjorde to gode løp. Eg er i form, så tidene kan fort bli betre, seier Jostein Joshua Fossøy (nr. 3 frå høgre) etter 3. plassen på 100. meter.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Eg har eit løp på 10,56 i beina, og det er det ikkje mange norske løparar som har. Sjølv om løpet vart underkjent, trur eg at eg kan komme ned att på den tida. Og eg er tolmodig av natur, seier Fossøy.

Under Florø friidrettsfestival laurdag sprang han to 100-metrar, på tidene 10,80 og 10,83, og kom på 3. plass i superfinalen der Jaysuma Saidy Ndure vann med 10,32. Første tida til Fossøy vart underkjent på grunn av for sterk medvind.

Men det er underkjenninga av superløpet på 10,56 under friidrettsfestivalen i 2013 som har gnege ungguten mest.

Var overtrent

Dei fleste hugsar framleis den skeive vindmålaren som førte til at alle tidene i 100 meter- heatet vart underkjente, og der også rekordløpet til Jaysuma Saidy Ndure på 9,95 vart stroken frå papiret.

– Eg har hatt det løpet i panna dei siste to åra. I dag spring eg 10,80, og vi er tidleg i sesongen. NM er om to månadar, så eg har god tid. Det er ikkje optimistisk å seie at eg kan springe fortare, seier Fossøy.

Men det har vore to tunge år – for det er nettopp to år sidan han var nede på tider som i dag. I fjor var han ikkje under 10,90 ein einaste gong.

Jostein Joshua Fossøy

NM: - Årets NM er hovudmålet mitt, seier Jostein Joshua Fossøy.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Eg var litt overtrent og opplegget var litt feil. Eg mista piffen i første stemne og etter det gjekk det berre nedover. Det var ei fysisk og psykisk krevjande sesong, seier Fossøy.

Talde på knappane

Så krevjande var det, at han vurderte å leggje sprintskoa på hylla.

– Eg gjekk nokre rundar med meg sjølv. Etter å ha lagt ned så mykje arbeid over ti år var det ein kjempenedtur å få 10,56-løpet underkjent. Det har vore ein veg tilbake, for å seie det slik, men eg er framleis svolten, seier Fossøy, som har NM om to månadar som hovudmål.

– Og så får vi sjå om dei tek ut eit lag til 4x100 meter under EM. Det er mange som knivar om plassane der, seier Fossøy.

Han kom direkte til Florø frå Oslo etter hektiske eksamensførebuingar og flytting attpåtil.

– No skal eg rett tilbake til Oslo for å ha siste munnlege eksamen tysdag. Nett no har det vore mykje, men då er det fint å ha idretten å kople av med. Då gjer eg noko eg verkeleg likar, seier Fossøy.

Han rosar det nye dekket på Florø stadion, og legg ikkje skjul på at det er noko eige å springe på heimebane.

– Rammene rundt stemnet er godt, og det er full gass heile tida. Det er kjekt, seier Fossøy.