Hopp til innhold

Skeiv vindmålar er grunnen til at rekordløpet vert stroke

Vindmålaren stod skeivt då Jaysuma Saidy Ndure sprang inn til 9,95 på 100 meter. Dermed vert rekordløpet underkjent. Men kva det skuldast, er det førebels ingen som veit.

Jaysuma Saidy Ndure satte ny norsk rekord på 100m i Florø med tiden 9,95.

– Det er ein manuell vindmålar som elektronisk går over på tidtakarsystemet. Vindmålaren stod skeivt, han stod for mykje diagonalt i staden for å stå vest-aust, seier presseansvarleg ved Florø friidrettsfestival, Anders Ole Sunnarvik.

Friidrettsforbundet signaliserte raskt etter superløpet til Jaysuma Saidy Ndure på 9,95 at dei hadde fått indikasjonar på problem med vindmålinga, og at dei ville vurdere om rekordløpet skulle underkjennast.

Måndag kveld kom friidrettspresident Svein Arne Hansen med beskjed om at løpet vert underkjent.

– Vi kan ikkje ha rekordar som det er tvil om. Då vi fekk sjå bileta av målinga, var det aldri nokon tvil, seier Hansen.

Såg at målaren stod skeivt

Årsaka til at rekorden ikkje vert godkjend, er at anemoometeret som måler vinden, ikkje har stått rett veg. Det har dermed vorte gitt feil vindmåling.

– Det som har skjedd er noko som arrangøren har prøvd å ta tak i, og som vi har fått oversikt på i etterkant. Men det er vanskeleg å seie kva som har skjedd. Vi har ein person der, men han såg ikkje før i etterkant av løpet at målaren stod skeivt, seier Sunnarvik.

Han legg til at så vidt arrangøren har bringa på det reine, er det ingen som har vore borti målaren.

– Det må i så tilfelle vere vinden, som var kraftig i forkant av løpet. Men målaren skal stå beint på løpet, og det var det som var problemet, seier Sunnarvik.

Meiner det var vindstilt under løpet

Han stod sjølv og observerte løpet frå sidelinja, og meiner tilhøva var ypparlege.

– Vi snakka i forkant om at her kunne løparane få ei rettferdig handsaming dersom ein passa på vinden. Og det gjorde vi. Under løpet var det omtrent vindstilt, så det var fantastiske løp, seier Sunnarvik.

Han understrekar at dette mest av alt er veldig trist både for Ndure, som fekk ei tid som hadde vorte ny norsk rekord dersom ho hadde vorte ståande, samt Jostein Joshua Fossøy som sette ny personleg rekord på 10,56.

– Det er veldig, veldig trist. Det er trasig også for Florø. Den rekorden hadde det vore kjekt å ha med seg vidare, seier Sunnarvik.

Han trur likevel ikkje dette kjem til å føre til at utøvarar droppar Florø friidrettsfestival.

– Dette var rett og slett eit uheldig uhell. Kanskje må ein neste år gardere seg med ein vindmålar til, slik at ein er sikker på at det ikkje skjer, seier Sunnarvik.

Ser fram mot nye rekordar

– Så det har ikkje noko med at vindmålaren ikkje held god nok kvalitet?

– Vindmålaren har fungert godt nok tidlegare, og fungerte greitt under stemnet. Men vi må sjølvsagt sjekke nøye. Men vinden var periodevis for sterk, og det synte vindmålaren, seier Sunnarvik.

Han understrekar at tilbakemeldingane frå både utøvarane og Norges Friidrettsforbund er positive.

– Det var ei fantastisk oppleving i Florø laurdag, og utøvarane og publikum gneistra. Vi ser framover mot neste år. Rekorden hadde vore kjekk å ha, men det får vi ta att ved seinare høve, seier Sunnarvik.