Var i kontakt med politiet

Mannen som er sikta for drap i Florø var i kontakt med politiet natta før drapet, skriv VG. Han vart i dag varetektsfengsla i fire veker. Politiet har enno ikkje fått avhøyrt mannen. Han er innlagd på sjukehuset i Førde.