Hopp til innhold

Kåra til beste utstillar av 500 verksemder

Maritim Montering, som har hovudkontor i Bygstad, vart kåra til den beste messestanden under den internasjonale fiskerimessa i Trondheim. – Det er ei ære, seier sjef i selskapet, Odd Birkeland.

Maritim Montering vann pris for beste stand under Nor-Fishing messa.

VANN: Maritim Montering, med hovudkontor i Bygstad, stakk av med prisen for beste messestand av 500 utstillarar, på fiskerimessa i Trondheim.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Det er kjekt og ei ære å få utmerkinga, men om vi sel meir og tener på det, det veit eg ikkje. Når alt kjem til alt er det pris og kvalitet folk er opptekne av, seier Odd Birkeland.

Verksemda hans, Maritim Montering, stakk torsdag av med tittelen som beste messestand under den store fiskerimessa i Trondheim. Av 500 utstillarar var det verksemda med hovudkontor i Bygstad, som gjekk til topps. Mellom 15 000 og 20 000 besøkjande frå 50 nasjonar er innom messa dei dagane den held på.

Styrer 350 tilsette i heile verda frå Bygstad

Selskapet driv med skipsinteriør, og på messa syner dei fram sjølvlaga design, som har slått an.

– Det er heilt fullbooka i produksjonen, vi har ikkje meir å gå på. Vi har den største ordrereserven vi har hatt nokon gong, med gode utsikter heilt fram til 2017, fortel Birkeland.

Interiøret blir produsert i Molde og Polen, og kundar i heile verda står på kundelista. Frå Bygstad styrer han ei verksemd på kring 350 tilsette, men berre 16 av dei held til i Gaular.

– Eg er stolt av den ordren vi fekk sist veke, med Kina. Eg har aldri høyrt om det før, at nokon produserer møblar i Noreg og Polen og leverer det til kinesiske reiarar, seier han.

Forventar vidare vekst for selskapet

Verksemda omset for kring ein halv milliard kroner, men kor stort resultatet for verksemda er vil ikkje Birkeland røpe.

– Vi går med overskot, men vi blir ikkje steinrike. Det er nok til å utvikle selskapet vidare. I løpet av året vil vi tilsette kring 50 nye medarbeidarar, fortel Birkeland.

Han ser lyst på framtida, sjølv om det har vore og er turbulente tider i næringa.

– Det vil bli bygt store skip framover også, og vi føl marknaden. Men vi må ha norske verft for å kunne vere i bransjen. Kjem ein frå indre Mongolia og skal slå seg opp i denne industrien, så slit ein. Dei gode verfta i landet vil leve lenge, trur eg. Noreg er nummer ein på å utvikle nye skip, seier sjefen.