NRK Meny
Normal

Vann landevegsløp med tre sekund

Det vart ein spennande spurt då det nærma seg mål i Esefjorden Rundt.

Joachim Brøndbo i duell med Genale Afework

DUELL: Joachim Brøndbo frå Steinkjer i duell med Genale Afework frå Fagernes.

Foto: Robert Jan Leerink

Joachim Brøndbo

VINNAREN: Joachim Brøndbo frå Steinkjer kom først i mål.

Foto: Robert Jan Leerink
Martine Wolff Nesse

BESTE KVINNE: Martine Wolff Nesse frå Balestrand

Foto: Robert Jan Leerink

Joachim Brøndbo frå Steinkjer og Genale Afework frå Fagernes hadde lege i tet i heile det 8, 5 kilometer lange løpet i Balestrand.

- Det var avgjort på dei siste 100 metrane, då spurta Brøndbo ifrå og vann med tre sekund, seier løpsleiar Nils-Magnar Feten.

14-åring vann dameklassen

Brøndbø sprang inn til tida 26:26, og like bak kom Genale med 26:29. Dameklassen vart vunnen av 14-åringen Matine Wollf Nesse med tida 36:31.

Esefjorden Rundt er eit landevegsløp som går på asfalt og utan særleg høgdeskilnad. I år vart løpet arrangert for 31. gong.

Deltakarrekord

Feten seier at det var bra ver i dag, men på grunn av nordavind vart det ingen løyperekord.

– Men også i år sette vi deltakarrekord. Det var heile 942 deltakarar med, 40 fleire enn i fjor. Det var 76 som stilte i eliteklassen og det er ein stor auke frå i fjor.

Resten av deltakarane er mosjonistar som går løpya.

– Bortsett frå dei aller minste som brukar sykkel og sparkesykkel.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast