Hopp til innhold

Henta endeleg heim sigeren i Elverittet

Etter å ha blitt slått på målstreken i fleire år av det same laget, klarte karane frå Trucknor endeleg å halde på sigeren heilt inn.

Created by InfoDispatcher

Foto og redigering: Stine Kyrkjebø Johansen

– Det smakte ekstra godt å kome først ut i vatnet og halde det heilt til mål under brua. For oss var det ikkje så nøye kven som slo laget frå Stongfjorden, berre nokon gjorde det. Det var veldig herleg å kome først i mål, seier ein utsliten Bjarte Norevik.

Saman med tre andre frå Trucknor sin verkstad kjempa han seg gjennom fleire hinder i Førde sentrum, og kunne padle i mål som første lag på årets Elveritt.

1000 på ein skala frå 1-10

Elverittet er ein del av Larrisfestivalen i Førde, og i år var åtte lag med. Det er fire deltaktar på kvart lag, og fire etappar å gjennomføre: punktering av ballongar med dartpiler, saging av vedkubbar, køyring av to personar i ei trillebår samstundes; og til slutt hiv deltakarane seg i heimelaga båtar og ror

– Kvart år har vi stort sett vore først i vatnet, men alle åra vi har vore med, så har vi blitt rodd forbi av Stongfjorden, dessverre, seier Norevik.

Så no er det ein lukkeleg gjeng frå Trucknor som kan nyte resten av Larrisfestivalen.

– På ein skala frå ein til ti, så landar eg på 1000, for det her var veldig stor stas, seier han.

Årar bakarst gjorde susen

Laget var først i mål både i sitt heat og i finalen. Norevik seier det var flaksen som berga dei.

– Ein må gjere så godt ein kan på springinga, det er det som er verst, så er det andre på lukke og fromme, seier Norevik, som sjølv losa laget gjennom trillebår-etappen.

Laget har hatt same båten i fire, fem år, og modifisert den etter kvart.

– Det var i utgangspunktet ein buss med vindauge og alt, for då vi starta arbeidde vi for verkstaden til Firda Billag, men så har vi gjort litt om på den etter kvart. I år sette vi årar på bakarst, og det var det som gjorde susen, trur Norevik.