Hopp til innhold

Kraftig regn førde til at Storehesten Opp blei korta ned

Øyving Heiberg Sundby frå Tjalve blei suveren vinnar i ei forkorta utgåve av Storehesten Opp. May Britt Buer frå Gular blei beste kvinne på ein regnfull dag i Gaular.

Motbakkeløpet i Gaular blei i dag arrangert for sjuande gong. Men på grunn av store nedbørsmengder, store elvar og vind, måtte målgang for årets løp flyttast til Kårstadskaret.

Arrangørene seier det ikkje var forsvarleg å la løparene springe heilt til toppen på det 1209 meter høge fjellet. Avgjerda blei teken tidleg laurdag morgon.

– Løpet stoppa i Kårstadskaret på 665 meter over havet. Sjølve toppen ligg på 1209 meter, så i høgdemeter er det omlag halvvegs, seier Arne Øvrebø i arrangementskomiteen.

600 færre mosjonistar

Det dårlege veret laurdag sette også ein stoppar for mange av mosjonistane. Normalt sett brukar det å vere 1000 personar som går opp utan tid, i år var det berre 300 som stilte til start. Tilsaman var det 500 deltakarar med i år.

Premieringa gjekk som vanleg, men den gamle løyerekorden står sjølvsagt sidan årets rute var kraftig nedkorta.

– I dag var det rett og slett for usikkert og farleg å sende folk heilt til toppen. Vi opplevde at løparane hadde forståing for det, seier Øvrebø.

Dei siste åra har mange profilerte, utanlandske motbakkeløparara stilt til start, i år var det ikkje med. Øyving Heiberg Sundby frå Tjalve blei best av herrane og May Britt Buer frå Gular blei beste kvinne.

Håper på betre ver neste år

Joakim Ø. Vedvik og Stine Mari Taule vann mosjonsklassane med tid. Marit Stuhaug vann uttrekkspremien på 10 000 kroner. Denne premien blei trekt ut mellom dei som hadde meldt seg på via nettet.

Neste år håpar Arne Øvrebø på betre ver enn dei hadde i år.

– Då skal vi arrangere NM i motbakkeløp, så vi håper at vergudane er på vår side og at vi får fleire deltakarar, seier han.

Storehesten Opp 2012

BESTE KVINNER: May Britt Buer frå Gular vann 10 000 kroner, Merete Weng, BUL, 6000 kroner, Therese Sjursen frå Fana fekk tredje beste tid og 4000 kroner, medan Merete Helgheim frå Gloppen vann 2000 kroner.

Foto: Alf Vidar Snæland
Storehesten Opp 2012

BESTE HERRAR: Øyvind Heiberg Sundby frå Tjalve vann 10 000 kroner, Ole Martin Erdal frå Førde fekk 6000 kroner, Marius Ø. Vedvik frå Gular fekk 4000 og Gøran Tefre frå Førde kunne reise heim med 2000 kroner.

Foto: Alf Vidar Snæland