Hopp til innhold

Fuktig krangel i pizzakø enda med fengsel

Ein mann i 50-åra frå Indre Sogn må sone ein månad i fengsel etter at han brukte vald mot ein langt yngre mann i ei nattmat-kø i Sogndal.

rettsal

MØTTE I RETTEN: Mannen i 50-åra blei dømd i Sogn tingrett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Natt til søndag 17. november 2013 var både offer og gjerningsmann utanfor nattopen pizzarestaurant i Sogndal sentrum. Retten finn det heva over einkvar tvil om at mannen i 50-åra i alle fall tok tak i fornærma sin jakkekrage med stor kraft og dytta han hardt mot bakken.

Mannen som blei utsett for valden slo hovudet kraftig i bakken, og eit vitne forklarte i retten at det kom ein kraftig mell då fornærma sitt hovud traff brusteinen. Den tiltalte i saka melde seg sjølv for politiet som kom til staden.

Den fornærma blei operert dagen etter valdshendinga, og blei sjukemeld i fire veker. Både den tiltalte og den fornærma var rusa på alkohol då hendinga skjedde.

Burde handla annleis

Forsvararen hevda i retten at årsaka til valden var at fornærma i saka kom med krenkande utsegn mot den tiltalte. Men retten meiner at det fornærma sa var nokon gyldig grunn til å utøve vald.

– Slik retten ser det hadde tiltalte, sjølv om han blei provosert over fornærma sin oppførsel, heilt klart andre handlingsalternativ enn å tak i fornærma og kaste han i bakken, heiter det i dommen frå Sogn tingrett.

Retten finn det ikkje tvilsomt at tiltalte både kunne og burde ha innsett at det var nærliggjande å tru at fornærma ville bli skadd då han tok tak i han.

Beklaga sterkt i retten

I retten beklaga mannen fleire gonger korleis han oppførte seg, og han bar preg tydeleg preg av at han angra på det han hadde gjort.

– Retten finn det usannsynleg at tiltalte nokon gong vil kome til å gjere noko liknande igjen, skriv dommarane og peikar på at dette er formildande.

Mannen blei dømd til fire månader fengsel, der han må sone ein månad, medan dei tre andre er på vilkår.