Hopp til innhold

Væpna politi på Eid

Klokka 11.00 fredag startar ei større øving for naudetatane i fylket. Øvinga vert gjennomført på Eid, og i samband med dette vil ein sjå utrykkingskøyretøy både frå politi, brann og helse med blålys og sirene. Det vil også vere væpna politi i Eid sentrum.